10/11/2006
Verdsmeistaren meg
Eg har etter nøye forskning kome fram til at eg må ha verdsrekorden i flauser. Etter å i lengere tid ha spesialisert meg på blottingsflauser av typen miste skjørtet mitt på resturant, har eg no gått over til meir kombinerte flauser. Eg har vandra inn i nye områder som å våkne 5 min etter at eg skulle vore på jobb andre dagen i praksis. Vidare har eg mista heile innholdet i lommeboka (eit uendeleg antal myntar) utover på bussen samtidig som at eg datt så lang eg var til spott og spe for alle passasjerane. No lurar eg på kva type flauser eg endå har å innta. Slik blir kvar dag eit spaningsmoment for meg og menneska omkring.
Eg er jo sjølvsagt takknemleg til Gud for at eg trass alt får vere verdsmeistar i noko, eg er jo intet idrettsgeni. Og no har eg fortreffeleg noko å le av til alle tider.
21:20 Permalink | Comments (9) | Email this
10/07/2006
Gøy med heimesjukepleien
No har eg byrja i praksis i heimesjukepleien. Stikkord for kva eg venta meg av den praksisen er: skitbleier, matlaging, av og på med støttestrømper, vasking av avføring av badegolv hjå demente brukarar og liknande brune oppdrag. Men dette er ein av dei få gongne i livet mitt eg har tatt grundig feil. Heimesjukepleien er veldig kjekt, med mange utfordringar. Eg møter mange hyggelege menneske i alle aldersgrupper og får gjere mange spanande ting som dialysebehandling (reinsing av blodet i kroppen), sondeernæring, intravenøse infusjoner osv.Eg liker det faktisk så godt at eg kanskje har lyst til å jobbe slik seinere i livet.
13:34 Permalink | Comments (4) | Email this