11/23/2006

Morosame bibelord

Det står mange morosame vers i Bibelen, her er nokre av mine favorittar:

"Sett sjeldan din fot i din nestes hus, så han ikkje trøytnar og hatar deg.” (Ordspr. 25.17)

"Det er betre å bu i ein krok på taket enn i hus med ei trettekjær kvinne:”(Ordspr. 25.24)

"Den som berre går forbi og blandar seg inn i ein krangel som ikkje gjeld han sjølv, er lik den som grip ein hund i øyra.” (Ordspr.26.17)

"Han som tronar i himmelen ler (Slm.2.4)

"Når to ligg saman heldt dei seg varme. Men korleis kan ein som ligg aleine halde seg varm?" (Fork.4.11)

Salomos høgsong har jo rikeleg med gullkorn:

Brudgommen seier til brura:
"Dine tenn som som ein flokk nyklipte sauer, som stir opp frå badestampen. Tvillingar har sei alle, ingen er utan born hjå dei."

"Dine bryst er som to dådyrkalvar, gaselltvillingar, som beiter blant linljene."

"Ditt hår er som geiteflokkar som bølgjer nedover Gilead."

"Din navle er som ein kveitehaug."

Kom gjerne med andre døme!

10/29/2006

Ms & Mr Mosevoll i Paris

medium_Oss_i_Luvre.JPGmedium_DSCF0015_1.JPG








Med biletter til herr og fru Mosevoll med barn kom Hilde, Randi og eg oss til Paris trass et ekstra blikk frå innskjekkingsdama.




medium_Venus_fra_Milo.JPGmedium_Randi_og_meg_veg_eiffel.JPG









Den fire dagers lange turen til Paris har vore ganske innhaldsrik med alt fra museumsbeøk i Luvre til elleville taxiturar. Dag nummer ein var me i slottet i Versailles der me lærte at Ludvig 14 hadde rødt velurstoff på toalettet fordi rød står for makt, og han var allmektig sjølv då han var på do. Elles har me tatt heisen heilt opp i Eiffeltårnet der eg personlig har funne ut at eg har litt høgdeskrekk. Me har sett Mona Lisa og fundert over hennar mystiske smil og vandra i desinerbutikker på Champs Ellysés. Sist, men ikkje minst fekk me på taxituren heim erfare at nokon franskmenn faktisk kjører betydelig verre enn andre. 160 -170 km/ t i 50-sona er visst heilt ok.


medium_Port_v_Versailles.JPGmedium_Luvre.JPG

10/18/2006

Lekser, Eva og Friends

medium_DSCF0004.JPGEg har i det siste innsett at fleire månader av hausten har gått meg forbi utan at eg har fått gjort noko som helst fornuftig skulearbeid. Etter fleire kveldar med stirring beint ut i lufta over skulebøkene fann eg ut at noko måtte gjerast. Trass denne beslutninga kom eg ingen veg. Best det var ringte det på døra, då vart eg fælande redd, men utanfor stod den reddande engelen Eva Mari. Ho skulle og gjere lekser og hadde til og med meg seg cider og nøtter til arbeidet. Med Friends i bakgrunnen fekk eg plutseleg gjort ein heil del. Eg har til og med kome på overskot med ei innleveringsoppgåve. Miraklenes tid er enno ikkje forbi.