12/25/2006

Jul på Mosevoll

I år har me hatt tradisjonell julefeiring i barndomsheimen på Mosevoll. Det er fem år sidan sist, og var veldig koseleg:)

medium_Bilde_016.jpgmedium_Bilde_022.jpgmedium_Bilde_025.jpgmedium_Bilde_028.jpg

12/23/2006

Forvel, min kjære mac

Eg vil berre opplyse om at min kjære mac på tragisk vis har avgått ved dauden. Innlegginga på Eplehuset skjedde for ei veke sidan,og i går kom telefonen. Manskina står ikkje til å reddast. Macen min (og kjent som "MacGyver" og "onkel reisande Mac) har stått ved meg i tjukt og tynt i ca to og eit halvt år, og vil verte djut sakna.

12/12/2006

Pepperkakebaking

medium_sven.JPGDet er ikkje kvar dag at me får sjå rockarar som Sven Ommund her i forklede, men på juleverkstad med Jesusgruppa kan det utrulegaste skje. Der var det peppekakebaking for alle penga, og alle deltok ivrig. Det var pynting med mengdevis av nonstop og seigmenn. Nokon prøvde seg til og med på pepperkakehus. Eg er sikker på at dette hadde vorte veldig fint dersom dei hadde hugsa å lage alle veggane. Me hadde og litt action i kvardagen denne kvelden, då ei av jentene ved eit uhell tente fyr på håret sitt. Alt gjekk likevel bra til slutt, og det vart nok pepperkaker på alle mann.