02/02/2007
Image
Me i vår litle "cellegruppe" har funne ut at det er er svært viktig å ha stilen på plass for oss kristne. Klede som passar saman er uhyre viktig. Det er derimot ein ting som ikkje alltid passar saman med resten i fargane me kler oss i; nemleg Bibelen. Me har difor funne ut at me no må skaffa oss ein Bibel til kvart antrekk, slik at det alltid er ein gjennoført stil over oss.
12:55 Permalink | Comments (5) | Email this
01/27/2007
Fine biblvers
Som oppfølgjar av innlegget mitt om morosame bibelvers kjenner eg at det er rett å skrive eit innlegg med fine bibelvers. Denne gongen er alle henta få det gamle testamentet. Eg har og spurt noko vener kva for nokre vers dei likar. Skriv gjerne inn dykkar yndlingsvers de og!
Josv.1.9: Har eg ikkje sagt dykk? Ver modige og sterke. Ver ikkje redde, og frykt ikkje, for Herren din Gud skal vere med dykk kor enn de ferdast.”
2. Krøn.16.9: ”For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som er heilhjarta med han.”
Slm.4.4: Men de skal vite at Herren har valt seg ut den gudfryktige. Herren høyrer når du roper til han.”
Slm. 23.6: Sanneleg, berre godleik og miskunn skal etterjage meg alle mitt livs dagar. Og eg skal bu i Herrens hus i all æve.
Slm.103; Tolmodig og nådig er Herren, sein til vreide og rik på miskunn. For så høgt som himlane er over jorda er hans miskunn mot den som fryktar han.
Jes.2: Herren skal lære oss sine vegar, og me skal vandre på hans stigar. Menneska skal smi sine sverd om til plogskjær og sine spyd om til vingardsknivar. Folkeslag skal ikkje løfte sverd mot fokeslag, og menneska skal ikkje lenger lære å føre krig.”
Jer. 29.11: For eg veit kva tankar eg tenkjer om dykk, seier Herren. Det er fredstankar og ikkje tankar til ulukke. Eg vil gje dykk framtid og von.”
Jer. 31.3: Ja, med evig kjærleik har eg elska deg, seier Herren. Difor har eg lete mi miskunn mot deg vare ved.
Esek.36.26: Eg skal gje dykk eit nytt hjarta og gje dykk ei ny ande i dykkar indre. Eg skal ta steinhjarta ut og gje dykk eit hjarta av kjød. Eg skal gje dykk mi ande i dykkar indre, og gjere det slik at de vandrar etter mine lover.”
Sef. 3.17: Herren din Gud er hjå deg. Ei kjempe som frelsar. Han gledar og frydar seg over det og lar deg få kvile i sin kjærleik. Han jublar over deg med frydesong.”
11:53 Permalink | Comments (3) | Email this
01/14/2007
Don't let Hannibal Lecter get into your head
No har eg nett byrja i praksis på Sandviken psykiatriske sjukehus. Dette er eit sjukehus som har fått ein del blest i media i det siste. På mi avdeling var det blant anna ein tilsett som vart kasta på sjøen av ein pasient nyleg. Eg er student på lukka avdeling for maniske og psykotiske pasientar. Ganske spanande og litt action i kvardagen. Fyrste dagen på jobb fekk me til dømes beskjed om at me ikkje måtte gå med skjerf, då det hadde vore nokon uheldige hendingar med skjerfbrukarar tidlegare. Eg trur det vert spanande 8 veker i psykiatrien...
17:30 Permalink | Comments (6) | Email this