03/04/2007

Latino- party

I høvet Vilja sin fødselsdag vart det arrangert latino- party hjå oss i kveld. Som alle veit er det intet slikt party utan salsa. Her var haldninga;"dans med den kroppen du har." Då få utanom bursdagsbarnet kunne salsa, var det stor kreativitet i impresasjonen av liknande danserøyrsler. Eller det vil sei ganske stivbeinte hoftevrikk og andre salsa- stunt. På mirakuløst vis klarte me alle likevel å kome i frå kvelden med liv og helse i behold. Til trass for nok ein gong å verte påminna at eg ikkje er nokon danseløve var kvelden riktig så morro!

medium_DSCF0350.3.jpgmedium_DSCF0366.2.jpg

02/28/2007

Livet

No har eg avslutta min praksisperiode på Bergen psykiatriske universitetssjukehus med brast og bram. Eg hugsa både å ta med kake, og å gje gåve til praksisveileiaren min. Elles vart eg i dag påminna at eg har meldt meg opp til konteeksamen i sjukdomslære neste onsdag. Dette hadde eg sjølvsagt fullstendig gløymt, og har deretter ikkje opna ei bok. Eg skal og i gong med skriving av bacheloroppgåva som skal inn til påske.

Eit positivt innslag er at mi gode veninne Una har kome heim frå et lengre opphald i Etiopia. Eg gleder meg jo og fortsatt over Sunniva sin heimkomst frå Tyskland. Eg håpar og at eg skal få meg ein tur til Isabelle og co i Trondheim i løpet av våren.

02/16/2007

Bursdagsfeiring

medium_jentene.JPGmedium_kortspel.JPG








I dag har eg hatt ein ganske blanda gjeng samla til bursdagsfeiring. Ein dag for seint, men dog koseleg! Alt frå familie, klassevener, barndomsvener til menighetsvener var tilstades. Så her var det hæla i taket og tenna i tapeten for å sei det sånn:) Det er alltid litt riski å ha så mange forskjellige folk samla på eit brett, stemninga kan liksom verte litt spent. Men eg håpar og trur at folk kosa seg. Eg er i alle fall fornøyd, og har fått mykje fint:)

P.S Beklager dei mindre fine bileta...