03/31/2007

Bloggtikken

medium_Bilde_084.jpgSidan mi kjære niese Ida Elisabeth (http://goagreie.blogspirit.com) har tikka meg i bloggtikken, får eg vel sjå mitt ansvar. Her gjeld det å seie 6 rare ting om seg sjølv. For meg er dette i seg sjølv ei enkel oppgåve, då eg har lang flauseerfaring. Eg skal likevel prøva å skrive ting gjerne ikkje alle veit.

1. Eg vart blinka i fotoboks i Fløyfjellstunnelen på fredag.

2. Det første ordet eg sa var "traktor" (Eller "gakkor," som eg uttalte det då eg peika på den forbikøyrande traktoren).

3. Det minste eg har vege i født tilstand er 890 gram.

4. Eg er veldig dårlig til å mate små barn. I mitt forsøk på å få i mi 9 mnd gamle niese ei skive, var resultatet følgande: Ingen skivebiter i munnen, halvparten av skivebitane på gulvet og eit einaste påleggsgris utover både jenta, meg og kjøkkenet generelt.

5. Eg er på nippet til å vere for legalsiering av cannabis.

6. Eg toler ikkje lyden av to hender som gnissar mot kvarandre.

03/26/2007

Forfattarspirar

medium_Mari_og_Åshild.jpg To klassevenninner og eg hadde oss ein produktiv kafétur for ei lita tid attende, Me er jo no i gang med bacheloroppgåveskriving, og fann då ut at me kanskje kunne slå til med å forfatta fleire verk. Sidan me er jenter var då skjønnhetslitteratur (ikkje skjønnlitteratur) svært aktuelt. Som sjukepleiarar er det jo viktig å ta seg godt ut for legane, så ei av oss skal skrive boka:"Korleis best mogeleg utnytta potensialet i sjukepleiaruniformane?" Me tre har og gjennom vårt vennskap gått nokon fjellturar saman, så temaet: "Korleis ta seg godt ut på fjelltur- tips til å sminke bort svetten," var ein naturleg tittel på den andre boka. I diskusjonen om kva bok eg skulle skrive kom det fleire interessante forslag. Eg vender meg difor til eventuelle blogglesarar for hjelp til å velje ut min boktittel. Alternativene er:
- "Korleis oppleve mestring i flausesituasjoner?"- ei lærebok i sjølvironi.
- "Korleis få vising av kløft til å verke som ein tabbe?" - utnytting av leikesituasjoner til blotting.
- Bruk av alternative metodar til få å oppmerksomhet. - Blotting er ikkje alltid flaut.

03/09/2007

Bacheloroppgåve

medium_Photo_3.jpgmedium_Photo_7.jpgmedium_Photo_4.jpg
medium_Photo_9.jpg














Livet mitt for tida består i bøker og artikklar i kvar ein krok, joggebukse og storstilt tedrikking. Dette skuldast at eg no heldt på med bacheloroppgåva mi. Temaet mitt er ikkje av dei mest tradisjonelle akkurat. Eg skal nemleg skrive om MS- pasientar som bruker cannabis som smertelidring. Sidan bøker om dette emnet ikkje veks på trær, har eg måtta bruke ein del tid på å finne stoff. Det er gjort ein del forsking på området, så har no litt å ta tak i. Så hvis nokon skulle lure på noko angåande marihuana, så veit de kven de kan koma til for å seie det sånn.