04/24/2007
Ei ny oppleving
- av å vere våt
Eg har nyleg assistert ved fleire fødslar, noko som er ganske ulikt andre ting eg har gjort i studietida. Ikkje berre fekk eg sjå ein fødsel for første gong, eg fekk og oppleve å identifisere meg med barnet på ein ganske fuktig måte. Som ny i fødefaget var eg ikkje heilt obs på at fostervatnet nokon gongar faktisk kjem etter fødselen. Då me skulle ordne litt med barnet, kjente eg brått at eg fekk ein kraftig dusj vaten over meg, liknande slike me får ved bruk av hageslange. Eg kjente eg var våt på både truse og tær. Verken lukta eller fargen av griset eg hadde utover meg, vil eg gløyma på ei stund. Eg skjønar godt kvifor barnet vil ut fra det gusjet der.
Det kan trygt seiast at det har vore ei lærerik oppleving. Det er nok godt prenta i min hukommelse at fostervatnet kan komme etter fødselen. Eg har og skjøna at eg ikkje lenger kan klaga dersom eg er våt av regn.
23:25 Permalink | Comments (5) | Email this
Comments
oioi-ja ska sei...håbe bare du ikje ble alt for skremmt...du vil nok ha unger selv i framtidn tenker eg meg hehe
Vær gang eg "klager" over regnet her i Bergen ska eg tenka på din fantastiske opplevelse ;-)...
du e goe du Ingrid!
-setter STOR pris på deg-
masse klemmer fra din "mesten nabo"
Posted by: Kristina | 04/26/2007
takk for din detaljerte beskrivelse av denne opplevelsen. det setter vi alle stor pris på...:) og jeg får nok en gang bekrefta at mitt valg om ikke å bli sykepleier, var rett. takk for det i hvertfall.
Posted by: isabelle | 04/26/2007
offadeg tanto.. no e vel min sjangs for fleire søskenbarn betydeleg redusert til eit minimum. men du får ha lykke til. hugs du skal berre øvegå mor di ho fekk fem.
Posted by: ida | 04/26/2007
hehe :) eg bare ELSKE det!
Posted by: sunniva erlandsen | 04/27/2007
hi, hi...;-)
Posted by: Kristin i Trondheim | 05/05/2007
The comments are closed.