03/26/2007
Forfattarspirar
To klassevenninner og eg hadde oss ein produktiv kafétur for ei lita tid attende, Me er jo no i gang med bacheloroppgåveskriving, og fann då ut at me kanskje kunne slå til med å forfatta fleire verk. Sidan me er jenter var då skjønnhetslitteratur (ikkje skjønnlitteratur) svært aktuelt. Som sjukepleiarar er det jo viktig å ta seg godt ut for legane, så ei av oss skal skrive boka:"Korleis best mogeleg utnytta potensialet i sjukepleiaruniformane?" Me tre har og gjennom vårt vennskap gått nokon fjellturar saman, så temaet: "Korleis ta seg godt ut på fjelltur- tips til å sminke bort svetten," var ein naturleg tittel på den andre boka. I diskusjonen om kva bok eg skulle skrive kom det fleire interessante forslag. Eg vender meg difor til eventuelle blogglesarar for hjelp til å velje ut min boktittel. Alternativene er:
- "Korleis oppleve mestring i flausesituasjoner?"- ei lærebok i sjølvironi.
- "Korleis få vising av kløft til å verke som ein tabbe?" - utnytting av leikesituasjoner til blotting.
- Bruk av alternative metodar til få å oppmerksomhet. - Blotting er ikkje alltid flaut.
21:25 Permalink | Comments (2) | Email this
Comments
gå for alternativ b)!
Posted by: sunniva erlandsen | 03/27/2007
du må definitivt skriva ei tå kver, du har jo so masse stoff. blir ein glimrande triologi, tjukkare enn ringenes herre, og kun basert på sjølvopplevde og erfarte hendingar.
Posted by: ida | 03/27/2007
The comments are closed.