06/23/2007
The end of an era
Jaja, då var eg ferdig på sjukepleien gitt. Sånn kan det brått gå. Eg finn meg sjølv jobbe som assistent søndag og som sjukepleiar måndag, litt overgang for å seie det sånn. I tilegg til dette har eg jo flytta i ny leilighet. Eg som har levd fleire år utan TV har plutseleg kabel- TV. Godt eg skal jobbe dagen long, så vert det ingen fare for tv- slaveri. Satser på at eg når sommeren er slutt vil ha god peiling på infeksjonsjukdommer, men brun er eg kanskje ikkje...
23:19 Permalink | Comments (2) | Email this
05/21/2007
Ekstrem forvandling
![]()
15:20 Permalink | Comments (4) | Email this
04/24/2007
Ei ny oppleving
- av å vere våt
Eg har nyleg assistert ved fleire fødslar, noko som er ganske ulikt andre ting eg har gjort i studietida. Ikkje berre fekk eg sjå ein fødsel for første gong, eg fekk og oppleve å identifisere meg med barnet på ein ganske fuktig måte. Som ny i fødefaget var eg ikkje heilt obs på at fostervatnet nokon gongar faktisk kjem etter fødselen. Då me skulle ordne litt med barnet, kjente eg brått at eg fekk ein kraftig dusj vaten over meg, liknande slike me får ved bruk av hageslange. Eg kjente eg var våt på både truse og tær. Verken lukta eller fargen av griset eg hadde utover meg, vil eg gløyma på ei stund. Eg skjønar godt kvifor barnet vil ut fra det gusjet der.
Det kan trygt seiast at det har vore ei lærerik oppleving. Det er nok godt prenta i min hukommelse at fostervatnet kan komme etter fødselen. Eg har og skjøna at eg ikkje lenger kan klaga dersom eg er våt av regn.
23:25 Permalink | Comments (5) | Email this